søndag 16. november 2014

Gratulerer med dagen til meg!

I går (15. november) var det dags for å bli eit år eldre og kanskje litt klokare. Dagen starta nett slik ein fødselsdagen, eller jibbersdag som eg likar å kalle det, skal starte. Kjærleiken serverte kake og pakke på senga og sjølv om kaka var veldig god var det sjølvsagt pakken som frista mest!! For det fyrste var det små bursdagskattar (burskatt?) på innpakningspapiret og for det andre hadde han kjøpt alle Harry Potter bøkene til meg!!! Den finaste samleboksa med alle bøkene i pocket!! Eg døyr av glede!

lørdag 25. oktober 2014

Kva les eg no: Ta vare på mamma.

Dei siste to dagene har eg vore fortapt i Shin Kyung - Sook si fantastiske bok "ta vare på mamma". Boka handlar om familien til So Nyo Pak som forsvinn på Seoul jernbanestasjon. Ho er kone og mor til fem og har levd eit langt og strevsomt liv den dagen ho forsvinn. Mens familien prøver å finne ho att får vi fylgje livet og tankane til mannen hennar, eine sonen og to av døtrene.

Boka gir eit godt bilete av den desperasjonen som oppstår når kvar enkelt innser at dei eigentleg ikkje kjenner si eiga mor og kone så godt som dei sjølvsagt trudde. Den viser og kor mor er limet som held familia samla, og kor hjelpelaus ein kjenner seg når ho er borte.
Gjennom historia blir fleire spørsmål vekt til live i lesaren. Kven var den kvinna som sørga for mat på bordet til frukost, middag og kvelds? Kva tenkte ho på når ho sådde, hausta, tørka og safta dagen lang? Kva skjedde med hennar draumar og fantasiar i kvardagens strev, med barn som skal takast vare på og ein mann som forsvann når det passa han sjølv?

Eg sitt igjen med mange tankar etter å  ha lese denne boka, og i mi verd vil det seie at boka er god. Svært god!!
Den er lettlest samtidig som den utfordrar. Den stiller spørsmål utan å gi vekk alle svara. Og den heng seg litt fast i meg, utan at eg heilt kan forklare korleis.

lørdag 18. oktober 2014

Kva les eg no: The eye of the wold.


I dei siste par vekene har det vore Robert Jordans ”The eye of the world” som har fått merksemda mi. Dette er den fyrste av til saman fjorten bøker i den episke fantasy-serien ”The Wheel of time”. Hadde det ikkje vore for at Kjærleiken stadig masa litt om at eg måtte prøve meg på denne serien, hadde den mest truleg blitt ståande urørt i bokhylla. 

Eg er ein av dei som kronisk let seg påverke av tittel og/eller framside, og det var ingenting ved utsjånaden eller tittelen som appellerte til meg. Eg hadde fleire runde med omslagsteksten til boka, men sjølv ikkje den gjorde at boka freista. Så kvifor les eg den no? Det er eit himla godt spørsmål…
            Etter mykje om og men fikk fyrste boka ein sjanse. Den fikk faktisk ca fem sjansar. Då eg fyrst byrja å lese var eg ikkje overbevist og det tok lang tid og mange sider før eg byrja å kome skikkelig inn i historia. Men no, no er det gjort og me er så å seie umoglege å skilje!

Historia startar i Two Rivers der vi møter Rand al`Thor som blir ein viktig person i den vidare handlinga. Rand sitt liv vert snudd på hovudet når Moiraine, ein Aes Sedai og hennar Warder, Lan, kjem til landsbyen like ved heimgarden til Rand. Dette besøket av framandfolk endrar livet til ikkje berre Rand, men også hans barndomsvener Mat og Perrin, Landbyens Wisdom, Nynaeve, og Egwene. Saman sett dei ut på ei reise fylt av fare, tørt brød, framande stadar og folk ein aldri veit om dei kan stole på.
            Det er vanskelig å gi ei god anbefaling og samanfatning av denne boka, utan at eg røper for mykje. Historia byggjer seg sakte sakte, men sikkert opp og før du veit det er du hekta. Mykje av grunnen til at eg ikkje satt den tilbake i hylla i byrjinga, er fordi Robert Jordan har eit fantastisk skriftleg språk, og dette er ein av mange grunnar til å anbefale den til andre!

Eg er garantert ikkje ferdig med Robert Jordans fantastiske univers og ser fram til å dukke inn i dei neste 13 (!!!!) bøkene.


fredag 17. oktober 2014

Katten...

Eg rigga meg til i sofaen med dataen i fanget og sons of anarchy surrande i bakgrunnen. "Det er på tide med et nytt innlegg" tenkte eg. "tida er inne for litt sabotasje" tenkte katten. No ligg han tvers over tastaturet og søv som ein stein. Eg tek hintet og innlegget lyt vente på seg. Enn så lenge kan du hyggje deg med eit litt dårlig mobil bilde av den mjukaste sabotøren eg kjenner!

onsdag 15. oktober 2014

Velkomen!!!

Endelig er dagen komen, og eg, ein 29 år gamal lesehest, skal opprette min eigen bokblogg. Hadde eg vore ein 14 år gamal rosabloggar hadde dette innlegget bestått av ei setning ”Dette er det første innlegget på min nye blogg <3 <3 <3”. Eg skal ikkje harselere med rosabloggarane, det er ei gruppe med makt. Eg skal der i mot seie litt om kva eg tenkjer akkurat no om å starte opp dette prosjektet.


Eg har gjennom mi tid på internettet vore innom opp til fleire bloggar. Nokon engasjerar meg, nokon er rein guilty pleasure (sett inn korrekt norsk ord, takk), nokon provoserar og nokon har fått meg til å lure på om eg nett mista ein god del hjerneceller.. Eg har og oppretta eit par sjølv, men dei fikk ta kvelden etter ikkje alt for lang tid. Kvifor dei ikkje fikk overleve er det fleire grunnar til, men alle grunnane kan kokast ned til to svar. 1. Eg var ikkje heilt klar for å ta min plass i den store verdsveven og 2. eg skreiv ikkje om tema som eigentleg var av interesse for min eigen del. Og no gjer eg atter eit forsøk. Kvifor? Kanskje har eg endeleg funne eit tema eg er oppriktig interessert i. Eller kanskje er det denne bloggen som skal gjer meg til Noregs nye bloggdronning? HAH! Å nei du, farr. Eg skriv det svart på kvitt og med handa på hjarte: Den trona skal Fotballfrue ( heiter ho det enno?) få behalde utan kamp!

Etter nokon runder med meg sjølv har eg no tenkt at det er dags for å lufte mi interesse for bøker. Og dessverre for meg? Deg? Verdsveven? Er eg akkurat nok narsissistisk til at eg luftar denne interessa for resten av verda. Eg har innsett at eg har alt for mange tankar om bøkene eg les til at eg kan halde dei for meg sjølv. Samtidig er eg litt over snittet bekymra for om eg eigentleg kjem med noko nytt. Er det kanskje nok bokbloggar der ute? Kjem nokon til å lese mine klønete forsøk på å anbefale, omtale eller slakte bøker? Me for sjå kva som skjer.





Bilete er henta frå denne sida.